Bruksanvisning
Flå fisken og skjer filetane frå ryggbeinet. Mal fiskekjøttet ein gong.
Rør i potetmjøl, salt, krydder og egg og spe forsiktig med mjølka.
Legg kaker med skei i varm panne med smør i, og steik dei pent brune.
Server med poteter, råe grønsaker eller grønsakstuing attåt.
Kakene blir også fine av horr som har vore i frysaren, og dei ferdige kakene er fine å fryse. Dersom ein ynskjer kan ein mala ein lauk saman med fiskekjøttet.
Feit horr frå fjellvatna er ein delikatesse. Kjøttet er kvitt og har ein svak smak av timian. Horr kan ein steikje og koke som aure. Mange tykkjer at horr smakar best steikt, og flår han gjerne føre steiking. Stor horr blir det gode fiskekaker av.