Bruksanvisning
Reinsk og vask auren godt. Klypp av hovud, spor og finnar. Turk han godt og vend han i blanding av mjøl, salt og pepar.
Er fisken heilt fersk, må ein laga to-tre snitt i skinnet på kvar side, da krullar han seg ikkje så lett i panna.
Brun auren godt på båe sider. La han surre i rømme til han er ferdig. Server steikt aure til middag med poteter og grønsaker - til frokost eller kveldsmat med brød.